Øystein Laupsa
Skulptør
Født: 1918
Bilethoggar, fødd i Øystese i 1918. Fordi faren dreiv møbelverstad der det òg trongst folk som kunna skjæra ut i tre, lærte Øystein seg denne kunsten ganske tidleg.
I andre halvdel av 1930-talet bestemte han seg for å ta utdaning - han ville bli skulptør. Derfor dro han til Oslo i 1938 og begynte på Statens Håndtverks og Kunstindustriskole. Her hadde han m.a. Per Krogh som teiknelærar og Torbjørn Alsåker som lærar i bilethoggar-kunsten.
Studia vart avbrotne - først p.g.a. militærteneste og etterpå som følgje av krigsteneste i Valdres.
Då han kom tilbake til Oslo igjen etter krigen, studerte han ved eit kunstakademi, populært kalla "Jøssingakademiet". Her hadde han m.a. bilethoggarane Stinius Fredriksen og Palle Storm som lærarar.
I oslo-perioden jobba han og som assistent både hos bilethoggar Ørnulf Bast og Palle Storm. Han laga òg ei byste av skodespelar Ingrid Botner, som fekk positiv mottaking.
Etter eit kortare stipendieopphald i Paris vende han tilbake til Noreg igjen - og til Øystese. Her har han seinare drive det kunstnarlege arbeidet sitt. Ein del utstillingar har han òg vore med på - som Statens Høstutstilling i Oslo, og elles både i Bergen, Stavanger og på Sandnes.
Verka hans femner om ei rekkje byster, relieff, skulpturar og monument. Blant dei større arbeida hans kan nemnast monumentet over styrar G.A. Wilson ved Stend Jordbrusskule, "To bukkar" ved Sjukeheimen i Norheimsund, "Jenta med fuglane" ved Kvam Rådhus i Norheimsund, "Slektsstammo" i parken i Øystese - og hovudverket hans, den 2,10 m høge statuen med tittelen "Arbeidsmannen" i Ålvik.
Øystein Laupsa driv framleis sin kunstnarlege aktivitet på cavaletten i atelieret sitt i Øystese.


