PROSPEKTKORTET LEVER!
Kan vi friste med fottur i fjellet? ”Molladalen, Sunnmøre”. Frå venstre: Jønshorn, Randers Topp, Mohns Topp og Slingsbys topp. Foto: Olav Lystad, ca 1937-38 (Arkivnr.: FAKf-0336.00013)
”Som ein krans kring Molladalen ligg ei av dei finaste tinderekkjene i norsk natur. Ikkje kan den måle seg med Trolltindane i dimensjon eller Jotunheimen i antal meter over havet, men når det kjem til villskap og variasjon skal du leite lenge for å finne maken.”
http://www.iriss.no/molla/klikkmol.htm
”Molladalen er første fjelldalen på Sunnmøre som har fått merke tendensar til overbelastning”, står det videre å lese i ”Fotturar på Sunnmøre” (Iriss Forlag, Volda). Det er ei guidebok som dekkjer heile Sunnmøre, - frå Ålesund, Runde og øyane ved kysten, Sunnmørsalpane, til og med Geiranger og Tafjordfella. I Iriss Forlag sin presentasjon av boka står å lese: For eit drøyt tiår siden var ikkje Molladalen full av folk. Naturen har nå fått merke etter menneskeleg aktivitet. Forsøpling og terrengslitasje, boreboltar og rapellfester, dopapir og blekkboksar under annan kvar stein. Dette er spor som turfolk og klatrarar har lagt etter seg. Har vi snart bare prospekt- og postkort igjen som dokumentasjon på urørt norsk natur?
Klassikaren i eldre norsk postkorthistorie er natur og menneske i kontrast. Og vi hadde vel gjerne presentert eit bilete med brøytekantar på norske høgfjellsovergangar om vi akkurat no skreiv april og ikkje september. I fotobevaringa er postkortsjangeren kan hende den viktigaste kjelda til kunnskap om korleis folk og land var og er på sitt beste, når vi vil presentere og representere nybrott, natur og tradisjon. Postkort vart framstilte fotografisk og sølvbasert, ofte i små opplag på 50 til 100 eks. Norsk Fotorotasjon i Ålesund (Spjelkavik) var storprodusent og leverte til det ganske land.
http://flyfotoarkivet.no/artiklar.php?side=telemarkflyselskap.html
6 millionar postkort
No er post- og prospektkortsesongen på hell. Så langt i 2008 har dei to store, Normanns og Aunes kunstforlag, selt om lag 2 millionar eksemplar kvar, av denne tradisjonsrike kommunikasjons- og suvenirartikkelen. I tillegg har tallause sjølvstendige produsentar og forlag selt om lag like mange. I alt vert det altså selt om lag 6 millionar postkort, i storleikar frå ca. 10x15 cm. Bøker med postkorthistorie finst det fleire av, og lenge før du fekk over 65 000 ”Sesam”-bildetreff på ”postkort” på nett, var kjøp og sal, og det å samle på postkort, etablerte aktivitetar.
Fotograf Olav Lystad
Vårt utvalde bilete er eitt av meir enn 1000 motiv fotograf Olav Lystad (1906-1995) i Ørsta gav ut. Lystad ruva som fotograf på Sunnmøre i heile den aktive perioden sin, frå 1932 til ca. 1970. Han var utan tvil den leiande postkortfotografen etter krigen og gjennom ”svart/kvitt-tida” på Sunnmøre. I både nasjonale og internasjonale fotokonkurransar henta han stadig heim trofé. Det førte til at det både vart attraktivt og gav status å gå i lære hos Lystad. Mellom dei mange lærlingane hans er Kåre Kirvijärvi ein av dei meir kjende. Kirvijärvi var hos Lystad i 1960, men læretida hans varde berre om lag eit halvt år.
Lystad-arkivet er temmeleg komplett, verken brann- eller vasskada, slik mange andre fotografarkiv i Møre og Romsdal. Arkivet inneheld tradisjonelle portrett- og familiefotograferingar, barn, konfirmantar og brudepar. Men her er også mykje reklameoppdrag, i tillegg til ”turistbileta”. Frå ca. 1965 til ca. 1980 var det kona Ingeborg Berg, som tidlegare hadde vore lærling hos Lystad, som stod for fotograferinga. I dag vert Lystad Foto drive som to sjølvstendige verksemder. Dottera Marta Lystad Johansen er fotografen i Ørsta, medan sonen, Per Lystad, driv butikk og fotografering i Volda.
Familien Lystad har vore rause og gjeve FylkesFOTOarkivet fri tilgang til eitt av dei viktigaste fotoarkiva på Sunnmøre!
http://www.fylkesfoto.no/fak-arkiver/fakf-0336-lystad/lystad-bio.htm
Fotografiene presenteres i samarbeid med FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal
.


